
Mange kjem til Fyresdal nettopp for å fiske. Andre har ikkje fiska før, men gleda ved å få ein fisk på kroken er like stor anten du er nybyrjar eller erfaren fiskar. Vi har derfor plukka ut 15 gode fiskeområde, som alle har ulike eigenskapar. Nokre område passar for heile familien, andre ligg langt frå bilveg i eit vanskelegare terreng og eignar seg derfor betre for dei som likar større utfordringar.
Fiskebestand
I dei fleste vatna er aure den einaste fiskearten, og for 150 år sidan var det ikkje andre fiskeartar i Fyresdal.
I Fyresvatn blei det sett ut røye på slutten av 1800-talet. I tillegg til Fyresvatn finst det også røye i Drang, Flatlandsvatn og i Kleivtjønn. Siken høyrer til laksefiskane og er den dominerande arten i Skrevatn, Fyresvatn og Drang. I Bondalsvatn finst det også sik.
Siken er ein typisk planktonetar som gjeng i stim i dei frie vassmassane. Han skil seg i frå dei andre fiskane i Fyresdal mellom anna ved å ha store, blanke og litt lause skjell. Ryggen er mørk, sidene blanke og buken blank eller kvit. Siken har liten munn og overbitt.
I Fyresvatn gjeng det nå vanlegvis 3 sikar på kiloen, medan siken i Skrevatn bare er 60 -70 gram. Men her finst det også enkelte store eksemplar som truleg lever meir av insekt og andre smådyr. Siken gjeng som regel opp mot dei større elvane for å gyte nær jul.


