Gjennom hele Tovdalen renner Tovdalselva der Øvre Tovdal Fiskelag tilbyr fiskekort. Ørret er den dominerende fiskearten i elva, med innslag av canadisk bekkerøye og abbor.

FISKEBESTAND

Aure er den dominerande fiskearten i elva. Frå Aslefoss (ca 10 km ovanfor Bås, rett sør for Øvre Ramse) og oppover er 99% av fangstane aure, resten er kanadisk bekkerøye.

Nedstraums Aslefoss er det også abbor eller tryte som er det lokale namnet på arten. Mengda varierer, men i snitt er om lag 10% av fangstane abbor. Bekkerøye vart sett ut i vassdraget på 1980-talet og var ei tid dominerande fiskeslag i elva.

Redusert forsuring og aurens tilbakekomst har ført til at bekkerøya berre sporadisk fangast på stong. Auren er småfallen men aktivt kultiveringsarbeid har ført til at mykje av fisken har god kvalitet sjølv om han er liten. Kvart år blir det likevel tatt aure mellom 1 og 3 kg. Abbor er det ikkje svært mykje av og det er mogleg å få eksemplar på godt over kiloen.

All stor fisk fanga under kultiveringsfiske blir sleppt ut att.

BESKRIVELSE

Tovdalselva er 129 km lang. Ho byrjar i Setesdal Austhei og munnar ut i Topdalsfjorden ved Kristiansand. Øvre Tovdal Fiskelag dekker ei strekning på 34 km i Åmli kommune.

Frå Bås ved Dølemo til Dale i Tovdal går fylkesvegen på austsida av elva. Dei øvre 9 km av elva går frå bilvegens slutt til Bygland grense. Ved Bås er høgda over havet 175 m, ovanfor Hillestad 215m, og frå Rjukanfossen ovanfor Dale til Bygland grense ligg elva frå 475-485m over havet.

Vassdraget er ikkje regulert. Vatna er islagt om vinteren og elva har stor vassføring i flaumperiodar.

I Tovdal er det no om lag 100 fastbuande, men både sommar som vinter er det stor trafikk av turistar og hyttefolk. Naturen vekslar frå låge heier i sør til tilnærma høgfjell i nord.

Tovdal var fram til 1967 ein eigen kommune i Indre Agder på vel 400 km2. Det er i dag ein del av Åmli kommune.

Fiskeregler

  • Fiskekortet gjeld for stongfiske i Tovdalselva frå Bås bru til Videstøyl ved grensa til Bygland.
  • Fiske frå båt er tillete.
  • Bruk av levande fisk som agn er strengt forbode.
  • Det er ikkje tillete å flytte levande fisk.
  • Fiskeutstyr som har vore i bruk i andre vassdrag, må desinfiserast før bruk.
  • All ferdsel på dyrka mark er forbode i perioden 1.mai til 1.oktober.
  • Hugs fare for skogbrann. Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15.april-15.september

FISKEVANN I OMRÅDET

  • Storåni
  • Stornestjønnin
  • Ånebjorslona
  • Stuvestøylfossen
  • Bjørkholtylen
  • Stuvestøylåna
  • Rjukanfossen
  • Fløa
  • Standardfoss
  • Dalsåna
  • Vrådalsvatn
  • Breidfjordbukta
  • Søylefjorden
  • Tovdalsåna
  • Tveitevatnet
  • Raue
  • Haslefoss
  • Toftefjorden
  • Varpfoss
  • Båskilen

Andre foreninger