Fiske i Luster austre statsallmenning

Vest-Jotunheimen og Breheimen er høgfjellsområde og blant Noreg sine flottaste villmarksområde. Ein kan leige dei to flotte fjellstyrehyttene Presteinshytta og Gjertvasshytta. Presteinshytta ligg attmed Prestesteinsvatnet ved Sognefjellsvegen. Sjå bilete. Hytta er ny og har sengeplass til 8. Ein må ta kontakt med Luster Austre Fjellstyre for å låne nykkel til Prestesteinshytta medan Fortun bensinstasjon har nykkel til Gjertvasshytta (Øydelagd, vert bygt ny i 2016).
 
Området er frå rundt 1000 moh og med dei høgste toppane opp mot 2400 m (Store Skagastølstind på 2405 m). I nordlige delar av Breheimen er det mykje stein- og brelandskap medan det vert meir vegetasjon om meir næringsrikt lengre sør mot Vest-Jotunheimen. Området har mer enn 50 fiskevatn. Ein kan ved fiske i til dømes Presteinsvatnet leige den nye og flotte Presteinshytta som har naust og båt og sengeplass til 8.
 
I 12 av vatna til Luster Austre Statsallmenning er det årleg utsetting av aure. Dette kjem i tillegg til dei vatna kor det er naturleg rekrutering og kor auren dermed ikkje vert kultivert.
 
Tettleik og storleik på auren varierer frå vatn til vatn. Nokre av vatna har svært flott aure.
Frå Sognefjellsvegen strekk området seg sørover til Vest-Jotunheimen og nordover til Breheimen.
 
Mer informasjon kommer snart.

 

Andre foreninger

Lukk meny